At det er ekstra mykje snø i vinter, gjer det vanskeleg for viltet å springe unna lause hundar.

– Det gjeld til dømes rådyr, der vi har hatt nokre uheldige episodar så langt i vinter. Det håpar vi å unngå heretter. Derfor kjem vi med ei generell oppmoding: Ha hunden i band, ber Eilev Hellekveen, leiar i Lom vilt- og innlandsfiskenemnd.

Han fortel at kommunen har makt og mynde til å innføre ein ekstraordinær bandtvang, men at dette er ein lang prosess. Derfor kjem viltnemnda heller med ei oppmoding inntil vidare.