Mange er i gang med planlegging av sommarferien og politiet oppmodar dei som skal ut og reise om å vera ute i god tid når dei skal søkje om eller fornye pass.

Posten har slutta med A-post, noko som betyr at det kan ta nokre dagar lengre før passet kjem i posten. Politiet ser også at det ofte blir stor pågang når sommarferien nærmar seg, som fører til kø og ventetid.

Moglegheita for naudpass er avgrensa til Hamar, Gjøvik og Lillehammer politistasjon. Det er i tillegg strenge reglar for å skrive ut naudpass.

Politiet i Innlandet oppmodar at ein allereie nå bestiller seg time hjå politiet om det er behov for pass før årets sommarferie.