Bendik Bjotveit-Holen, Alma Rakstad og Hege Løkken er fyrsteklassingar på Nordberg skule i Skjåk. Sundag er det morsdag. I fylgje dei tre ungane er morsdag ein ekstra gebursdag.

– Ein blir ikkje eldre på morsdagen, dessutan er morsdag noko som blir feira berre for moro skuld, seier Bendik.

Hege kan fortelje at mammaen hennar er 37 år, men at ho ikkje har feira morsdagen så mange gonger.

– Ein må vera mor for å få noko i gåve. Om ein ikkje er mor må ein pakke inn ei gåve til seg sjølv, og feire heilt aleine, seier Hege.

Ho er usikker på kva ho skal gjeva mor si i gåve sundag. Men Alma veit kva ho skal gjeva bort.

– Ho skal få noko ho kan henge på juletreet. Ho har mange juletrekuler, men det er plass til fleire, meiner Alma.

– Eg har ingen idé om kva mamma skal få i gåve. Eg trur eigentleg ikkje at ho treng noko, for ho har alt. Det er fullt nok i huset som det er. Det hender seg det er rotete både på kjøkenet og i stova. Men ikkje på rommet mitt, seier Bendik.

– Veit du; eg og veslebror min greier å koke kaffi sjølve. Da kan vi gjera det på morsdagen, så får mamma kaffi på senga. Men vi må ha litt hjelp da, for kaffien er glovarm, seier Hege.

Ho kunne også tenkt seg å bake ei kake.

– Men den skal vera til oldemor som har gebursdag. Det er noko som heiter oldemordag óg, seier Hege.

Alma vil ha kalkun til middag på morsdagen.

– Det et eg når det er jul, og da kan eg sikkert eta det på morsdagen også. Mmm... Kalkun er så godt, seier ho.

– Når det er morsdag kan ein ete det ein vil til middag, berre ein hugsar å ete dessert og sjokolade etterpå, seier Bendik.

Sjølv om dei trur det er stas for mødrene sine med morsdag, er ikkje dei tre fyrsteklassingane heilt sikre på om dei vil feire dagen sundag.

– Eg vil ikkje feire morsdag før eg blir vaksen, eg, seier Hege.

Men om mamma spør ho pent, kan ho vera med på feiringa til helga likevel.

– Mamma blir sikkert glad om ho får feire med meg, bror og pappa, seier ho.

– Eg ventar med å feire til det blir farsdag, eg, for det er for karar, seier Bendik.

Han meiner farsdagen er rett etter morsdagen.

– Når mamma har hatt ein ekstra gebursdag, må fedrane få ha det med ein gong etterpå, om ikkje blir dei sure, seier han.

– Ein feirar morsdagen kvart einaste år, til og med når ein er død. Eller; da må andre feire dagen da. Men ein må vera 18 år for å kunne feire, for da er ein vaksen og rår seg sjølv, seier Alma.