I samband med kraftutbygging i Nedre Otta vart Vågå kommune tildelt fem millionar kroner til dekking av kostnader til avbøtande tiltak.

Eingongssum

Det har vore sett ned ei arbeidsgruppe samansett av politiske gruppeleiarar, representant frå ungdomsrådet og rådmannsleiinga som har lagt føringar for vurdering av søknader om tiltak frå potten.

Kompensasjonen på fem millionar er ein eingongssum.

Døme på tiltak som har vore drøfta er tiltak langs råka elvestrekning oppstraums frå utbyggingsområdet, knytt til friluftsaktivitet og badeplass, ulike tiltak på Lalm som skal bidra til trivsel og atraktivitet, Lalms samfunnshus og næringsutvikling på Lalm.

Ti søknader

Det kom inn ti søknadar om støtte til forskjellige tiltak innan søknadsfristen i mars 2017.

Rådmannen skriv i si innstilling til kommunestyret, som skal behandle saka tysdag 13. februar, at ikkje alle av dei innkomne søknadane oppfyller kriteria for å få støtte.

Rådmannen tilrår at to millionar kroner av potten på fem millionar blir disponert og tildelt lalmssamfunnet i denne omgang, og at rådmannen får fullmakt til å disponere tre millionar kroner til andre tiltak.

Rådmannen ynskjer å disponere ei økonomisk ramme på to millionar til reguleringsarbeid for utviding av Kolbotten næringsområde, og ein million til eventuelt utvida tilskot ved behov til dei prioriterte tiltaka.

Desse får støtte

Blant dei ti søknadane er det seks som får støtte i følgje innstillinga frå rådmannen.

Lalm idrettslag får støtte til to tiltak; 600.000 kroner til bygging av rulleskiløype og 50.000 kroner til turskiltprosjekt.

Lalm samfunnshus får 500.000 kroner til opprusting, elevrådet på Lalm skule får 500.000 kroner til opprusting av leirområde og opparbeiding av gapahuk og bålplass.

Lalm ishockeyklubb får 310.000 kroner til bygging av tak over curlingbane, og Lalm Vel og grendeutvikling får 40.000 kroner til plan- og avklaringsarbeid for opparbeiding av Velfetttjøn som rekreasjonsområde.

Lalm samfunnshus vil få 500.000 kroner til opprusting av huset. Foto: Arve Danielsen/arkiv