– Det er fleire år sidan eg har sett så mykje snø som nå. Her er det flotte tilhøve både for dei som vil gå bortover og dei som vil stå på ski i bakken, seier Stein Are Bergheim i Grotli Skiheiser.

Laurdag opnar skianlegget ved høgfjellshotellet i Skjåk for sesongen. Anlegget i Grotli består av ein barneheis på eit par hundre meter, og hovudtrekk på 1,3 kilometer. I tillegg til nedfartar har Grotli ein populær terrengpark med mange hopp og såkalla «rails».

Stein Are Bergheim fortel at skitrekket vil vera ope både laurdag og sundag i helga. Frå midten av veke 8 og ut veke 9 vil det vera ope kvar dag i samband med vinterferie. Etter dette er Grotli ope kvar helg framover. I påska er det ope kvar dag.