Norske talenter på TV2 baud på blant anna AC/DC tributebandet Black Ice som rocka scena og skapte liv blant dommarar og publikum.

Bandet kjem frå Gausdal og fyller ti år i år. I bandet spelar Magnus Lillengen frå Skjåk.

- Ei glede å sjå dokker her, sa Mia Gundersen, ein av dei fire dommarene.

Black Ice spela «Highway to hell».

- Sinnsjukt tøft. Høyrdest ut som originalen, sa dommar Bjarne Brøndbo.

Saman med Mona Berntsen og Janne Formo kom Gundersen og Brøndbo med eit unisont ja til at Black Ice går vidare i Norske talenter.

Dermed blir det meir rock frå Gudbrandsdalen å høyre i Norske talenter.