av Tommy Fossum

Det er kald vinteridyll oppi Klevgardane når vi besøker fjellgrenda heilt vest i Oppdal, nærast på fjellstupet der Sunndalsdalføret startar. Små raude strålar kjem over fjella i aust og forsøker å vekke den kaldblå snøen som er drapert over fjellandskapet.

Det var her gardane og husmannsplassane var fulle med vegarbeidarar og deira familiar da snøskredkatastrofen skjedde for 150 år sidan. I den vakre vintermorgonen er det umogleg å forestille seg dei bleike, barbeinte og nakne menneska i snøen.

Som den stive kroppen til Gjertrud som heldt rundt spebarnet sitt – og som snøen var tint rundt der dei vart funne omslynga nedanfor stovemuren. Hadde folket som kom til gravd nedanfor muren, slik dei vart rådd til å gjera, hadde mor og dotter truleg overlevd.

Som dei døde kroppane til familien Skultebakken frå Vågå som låg heilt eller delvis nedgravd i snøen. Den minste var ikkje ein gong eitt år. Slektningane til Knut Hamsun budde på husmannsplassen Emangsmorken, rett nedanfor vegen på toppen av sjølve Gråura saman med familien på sju som budde og hadde alt dei åtte på den plassen. Der var familien Skultebakken på seks og familien Emangsmorken på fem og ytterlegare to vegarbeidarar denne skjebnesvangre natta. 13 personar var dei på husmannsplassen denne natta. Samtlege omkom.

Som Anne Emang på 11 år som var livlaus da ho vart funne i snømassane saman med sine to brør. Ho vart boren til husmannsplassen Emangsmorken, som var knust av snømassane, før ho vart lagt i ei seng på Stekeren, og sjefen for vegprosjektet Johan Koren Christie gav henne brennevin med skei. Da Anne vakna av «medisinen» beit ho så hardt i skeia at bitemerket festa seg. Denne skeia finst framleis på Stekeren.

Som den bleike mannen som ikkje var like heldig da han utmatta og nesten naken kom seg til fjøset på Stekeren. Her møtte han ei tenestejente som sa ho skulle hente hjelp, men i alt viraket gløymde ho å gje beskjed. Mannen fraus ihel.

Som husmannen Anders Emangsmorken, som var så heldig å tene noko ekstra med å leie ut til vegarbeidar Knut Skultebakken og hans familie, som var den siste som vart funne. Det hadde vorte vår og snøen og den store isproppen på 60 meter i botnen av dalen som demte opp Driva, hadde kanskje losna. Anders vart funne på den andre sida av dalen og eit godt stykke frå sjølve skredet. Han vart gravlagt saman med åtte andre den 10. april, mellom dei kona Anne og to av barna sine.

Midt oppi dette dramaet med tårar og smerte gjekk knallharde skikkelsar som Kari Stekeren og kjefta på tenestejenta som gret over å ha mistet foreldra sine og to sysken.

– Det var det ikkje nokon grunn til å gråte for, sa ho, som også sparka borti eitt av lika på stabburet og kommenterte kynisk: - Du e skuldig meg au, du, din slusk.

Mista slektningar

I dag bur John Kletthammer saman med kona Ildri på den delen av Kletthammer-garden som så vidt berga unna storfonna. I nabohuset bur sonen Håvard med kona Andrea og tre barn. På Stekeren bur Per Aalbu.

– Her er vi sikre. Ettersom husa berga for 150 år sidan, gjer dei det igjen, seier Kletthammer. Han mista fleire slektningar i Kletthammerfonna som raserte grenda i 1868. Oldeforeldra til John budde i våningshuset, der han og kona nå bur, og dei berga livet. I huset 50 meter lenger aust, budde bror til Johns oldefar, Ola Kletthammer og kona Gjertrud. Da skredet kom vart huset flytta 100 meter nedover lia før det vart knust. Både Ola og Gjertrud og eitt av barna deira, ei jente på åtte månader, døydde i snømassane. Ola levde da han vart funne, men livet hans sto ikkje til å redde.

Tippoldeforeldra til John Kletthammer, Ola og Randi Emang, omkom da garden Emangen vart knust av snømassane. Tragedien sluttar ikkje her, ettersom oldeforeldra mista si to år gamle dotter Ildri som da overnatta på Emangen.

– Oldefar sleit med denne tragedien resten av livet. Han tok over garden frå bror sin, som omkom i raset, men selde delar av bruket etter katastrofen. Halve bruket låg knust - dottera og mange av slektningane var døde. Han var i periodar ikkje i stand til å drive garden etter tragedien, fortel John Kletthammer.

Skrekkvinteren

Vinteren 1868 var ekstrem. Det låg to meter snø på flat mark, medan det på fjelltoppane og nedover liene hang skavlar som var sju-åtte meter høge. Folk kika med redsel opp i fjellsidene. «Vi forgaar næsten av ustandselig Sneflog og ustandselige Storme her oppe. Sneen ligger i flere Alens Høide», vart det rapportert den 8. februar. Da hadde store snøskred lenger sør i landet allereie sopt med seg fleire gardsbruk.

Den 10. februar vart fem gardar tekne av snøras i Sunndalen. På plassen Otthjellen døydde til saman åtte menneske og samtlege dyr. Dette er berre nokre kilometer frå Klevgardane - så meldinga kan ha spreidd seg også opp til fjellgardane, der uroa veks.

Her var lokalbefolkninga og eit stort antal vegarbeidarar innesnødd på gardane som klamra seg fast opp i fjellsidene langs Gråura - der Oppdal og Sunndal, og Trøndelag og Møre og Romsdal møtest.

Det var ikkje mogleg å arbeide vidare med det store vegprosjektet i Gråura denne dagen.

«No gret glasa for Stekra»

Tysdag 11. februar var det ti minus og storm i kasta. Og det snødde konstant. Klevgardingane var uroa. Da temperaturen steig utpå dagen, og doggen la seg på vindauga, sa Ola Kletthammer: «No gret glasa for Stekra.»

Garden Stekeren, eller Stekra, som den heiter blant klevgardingane, var rasutsett. Det merka dei allereie i 1819, da tre menneske omkom i snøras. Også denne gong rekna folk med at Stekra ville bli ramma dersom snømassane skulle koma. Nå skulle det likevel vise seg at den garden som skulle bli spart, var nettopp Stekeren, som hadde husa fulle med vegarbeidarar.

Arbeidarane dreiv tida under uvêret med kortspel og prat - og ein dram.

Om kvelden 11. februar baska vegingeniør Schwabe seg frå Stekra den korte vegen opp til Haldor Hevle, som dreiv ein liten landhandel på Kletthammer. Dei to vart sitjande oppe og spela kort, og ingeniøren takka ja til å overnatte da uvêret auka utover kvelden. Ved midnatt sløkte dei parafinlampa og «så gikk vi til ro og hadde omtrent sovnet, da braket kom», skreiv Hevle i ettertid.

Lufttrykket lyfta taket

Frå om lag 1.200 meters høgd løyste skredet seg ut mellom Grønslåa og Stekershovden. «Gusten», vinden i forkant av skredet, skaut framom dei enorme snømassane og feia med seg det som var i vegen. «Først løftes taket av lufttrykket, slik at vi så et glimt av stjernene, og så bar det nedover sammen med fonna. Da den stanset, lå vi ved overflaten og jeg kom meg lett opp. Jeg hørte ingeniøren skrike om hjelp og så en hånd stikke opp av snøen. Jeg kunne trekke ham opp uskadet, men fullskrudd av snø. Jeg følte snøen komme gjennom munn og nase som strømmende vann», heiter det i Haldor Hevles skildringar.

Båe karane krabba seg opp til husa som sto att på Kletthammer. Vegformann Johan Koren Christie oppheldt seg saman med delar av arbeidsfolket på Stekeren - og hit kjempa den 19 år gamle John Emang d.e. seg med systera Anne på ryggen, alvorleg skadd, men i live. Heimplassen deira, Emangen, var utsletta - og foreldra deira vart kvalt av snømassane. Både Anne og John emigrerte seinare til Amerika.

Etter det uverkelege bulderet senka ei fullstendig stillheit seg over den raserte grenda. Raset tok også med seg delar av Kletthammer-garden, Emangen og husmannsplassen Emangsmorka med fastbuande og losjerande vearbeidarar.

Sleit seg helselause

«No må dokk opp kara, - dæ står itj bra te usti garom», ropte Ola, gardbrukeren på nabogarden Liabø.

Med dagsljoset kom leitearbeidet for alvor i gang. Bortsett frå gården Stekeren, var alle hus sletta av tett, samanklumpa snø som var opptil 60 meter tjukk heilt ned i dalbotnen der fonna møtte elva Driva. 58 menneske var ramma av snøskredet - og det vart ein krevjande jobb for arbeidsfolket. Det vart sagt at fleire sleit seg helselause medan dei kjempa for å finne familien sin og kameratar. Dei fleste hadde vorte kasta ut av sengene nesten utan klede - og sjansen for at dei var i live, vart mindre for kvart minutt som gjekk.

Snart fekk stiftsamtmann Motzfeldt i Trondheim melding om tragedien, og i Aftenposten 18. februar 1868 heiter det at eit telegram er kome til «Indreriksdepartementet» der det står: «I Graaurden i Opdal ere Gaardene Klethammer og Emang samt en Plads bortreven ved Sneskred (paa Grændsen mellem Sundal og Opdal, hvor et offentligt Veiarbeide foregaar). Omtrent 30 Mennesker, de fleste Veiarbeidere, omkomne, omtrent 20 beskadigede. 2 andre Gaarde trues. Mulige Forføyninger trufne.»

Andrea, Kristin, Hallvard, Marit, John og Ildri - alle Kletthammer - bur i dag i området som vart råka av det tragiske skredet i Klevgardane mellom Oppdal og Sunndal 12. februar for 150 år siden. Foto: Tommy Fossum
Per Aalbu, Ildri og John Kletthammer, som bur i Klevgardane meiner dei vil klare seg om det skulle gå eit nytt skred. Foto: Tommy Fossum
Namna til dei omkomne på ein minnestein.