Det er Skjåk Almenning som har teke initiativet til å sjå på moglegheita med eit fjernvarmeanlegg i industriområdet. Almenninga har fått med seg Lom Biovarme på laget, som har god erfaring med denne type oppvarming i Lom.

Almenningsstyrar Jo Trygve Lyngved fortel at det nyleg har vorte inngått intensjonsavtale med aktørane Interfil, Stryvo, Skjåk Trelast, Skjåk Bil og Per Hagen Eigedom.

– Signegarden er også positiv, men vi har ikkje intensjonsavtale per i dag. I tillegg kan ein kople på ledig industriareal ved Signegarden. Vi har også fått førespurnad frå ein privat kunde. Det blir lagt til rette for framtida ved å ta høgde for ei utviding slik at fleire kan kople seg på. Vi kan i grunnen kople på så mange som ynskjer. Det er ikkje sett noko grense på industrikundar. Det avgjerande er sjølvsagt kor langt ein må gå med røyrnettet, seier Lyngved.

Han har også eit håp om å få med Skjåkheimen med tilhøyrande omsorgsbustader, men dette avheng av kommunen.

Storleiken på det planlagte fjernvarmeanlegget i Bismo vil bli omtrent som anlegget i Lom, om lag 2,1 millionar kilowattimar. Forbruket vil bli om lag 1.500 kubikk med fast slip, eller omrekna 3.600 kubikk med laus flis.Fyrhuset blir bygd på sagbrukstomta til Skjåk Trelast, slik at det ikkje blir transport på flisa, anna enn frå skogen og inn til sagbruket. Vyrkjet skal vera lokal slip frå Skjåk.

– Meir stuttreist kan ein ikkje få det, seier Jo Trygve Lyngved.

Det er Skjåk Trelast som skal drifte anlegget, som har ein investeringskostnad på om lag 12 millionar kroner. Når anlegget kjem i drift, vil det bli om lag 800.000 kroner i årleg omsetnad. Dette er lokal omsetnad på flis, vedlikehald og drift.

Jo Trygve Lyngved fortel at det både i anleggsfase og i driftsfase blir brukt lokale leverandørar, så langt det let seg gjera. Dersom alt går som planlagt, blir det bygging av anlegget til våren og igangkøyring i november-desember.

– Vi håpar at Skjåk kommune ser verdien i eit slik fjernvarmeanlegg. At industrien går føre som eit godt døme, bør bli lagt merke til, seier almenningsstyrar Jo Trygve Lyngved.

Han trekkjer fram klimaeffekten.

– 47 prosent av klimagassutslepp i verdikjeda skog kjem frå vegtransport. Ved anlegget i Bismo vil ein i denne samanhengen sleppe å frakte 1.500 kubikk slip til Sverige, som tilsvarar 40 vogntog, seier Lyngved.

Han tykkjer elektrisk straum er «for fin» til å varme opp bygningar med, og har stor tru på fjernvarmesatsinga.

Når det gjeld å kople på Skjåkheimen på anlegget, skal dette truleg opp til politisk behandling med det fyrste.

– Meir stuttreist kan ein ikkje få det, seier almenningsstyrar Jo Trygve Lyngved. Den einaste transporten på flisa, blir frå skogen og inn til sagbruket. Foto: Tom Erik Solstad