Det sa Rolv Enersvold (Sp) da kommunestyret i Lom skulle setja ned eit utval – og plukke ut personar som skulle sitja i dette – for å vurdere ei utviding av eigedomsskatten.

Det var under behandlinga av budsjettet for 2018 at kommunestyret i Lom gjorde vedtak om å setja ned eit utval til å greie ut eigedomsskatt i kommunen. I dag er det eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringseigedomar på Fossbergom. Utvalet skulle vurdere ulike alternativ for eigedomsskatt - og om eigedomsskatten skulle utvidast til å gjelde heile kommunen.

Men slik blir det ikkje. Etter framlegg frå Rolv Enersvold vart det ikkje sett ned noko utval i det heile tatt.

– Eigedomsskatt er ikkje noko vi i Senterpartiet ynskjer. I partiprogrammet vårt står det at vi i alle fall ikkje skal auke eigedomsskatten. Eg kjem med framlegg om at vi ikkje skal setja ned dette utvalet – og at nedfasinga av eigedomsskatten skal vidareførast frå 2019, slik det ligg i økonomiplanen, sa Enersvold, som tok til orde for at formannskapet heller burde setja ned eit utval som skal sjå på drifta av kommunen – om det er noko å spare på å effektivisere.

– Eg er overtydd om at vi finn pengar ved å sjå på korleis vi systematiserer og effektiviserer kommunen vår. Vi må byrje med oss sjølve før vi går på bygda etter pengar. Vi får heller vurdere eigedomsskatten seinare dersom det blir så ille, sa han.

Enersvold fekk fleirtal for framlegget, med 11 mot 6 røyster.

Anne-Lise Marstein (Ap) uttrykte stor forundring over forslaget.

– Dette kom brått på. Vi har hatt ei god drøfting i partiet, og vi var innstilt på å arbeide med denne saka nettopp gjennom eit saksutval. Det standpunktet har vi framleis, sa ho.

Marstein fekk støtte frå Synne Skogsrud Bjørgen (Lomslista), som slo fast at den økonomiske situasjonen berre blir tøffare og tøffare.

– Administrasjonen har signalisert at det kan bli stillingskutt. Eg tykkjer vi skal gå inn for utvalet, slik at vi får gått grundig gjennom det. Det kan vera nyttig uansett, sa ho.

Ap og Lomslista vart åleine og i mindretal i dette synet.