Tidlegare har Oppland fylkeskommune løyvd 14 millionar kroner til det planlagte turistanlegget. Allereie i 2015 løyvde fylkeskommunen pengar til prosjektet, som har vore gjennom mange moglege løysingar undervegs.

Den opphavlege samarbeidsavtalen mellom fylkeskommunen, Statens vegvesen og Øyste Slidre kommune baserte seg på ei kostnadsramme på 29,5 millionar kroner.

Nå er planane justert og prislappen redusert, men samstundes er mange av dei opphavlege kronene brukt opp. Det står att 12 millionar kroner, og det er difor behov for ytterlegare 15,5 millionar kroner, der fylkekommunen sin del er 4,5 millionar kroner.

Forslaget det nå blir jobba vidare med er eit bygg som skal innehalde kafeteria med utsikt og 38 sitjeplassar, kjøken med tilhøyrande lager, soverom og bad for tilsette, toalett, uisolert vrimleareal, overdekka avfallsrom og uteområde med bord og stolar.

Saka blir behandla endeleg i fylkestinget neste veke.