I 2013 vedtok kommunestyret at det skulle setjast saman ei arbeidsgruppe som skulle sjå på framtidig eigarforhold og drift av Sotvegen. I september 2014 la gruppa fram si innstilling: «Gruppa meiner Skjåk kommune skal avhende den private vegen til dei som har interesser i området og oppløyse det kommunalt valte vegstyret».

Stutt tid etter vedtok kommunestyret at dei ville avhende eigarforholdet til vegen Tuva – Sota til dei som har interesser i området.  Kommunestyret bad samstundes generalforsamlinga og styret om å sikre ei god framdrift i saka.

Styret i Skjåk utbyggingsselskap sette i gang arbeidet med å få til ei avtale med partane som var aktuelle til å overta vegen. Desse forhandlingane munna ut i eit forslag til intensjonsavtale med følgjande partar: Skjåk almenning (25 prosent), Lidar vel (25 prosent), Seterlaga (25 prosent) og Dnt Oslo og omegn (25 prosent).

Vilkåret for at desse partane ville ta over Sotvegen, var at Skjåk kommune rusta opp vegen før overtaking. Alle dei fire aktuelle partane har skrive under intensjonsavtalen, men Skjåk kommune har ikkje skrive under. Hovudgrunnen er at det i økonomiplanen ikkje har vore løyvd midlar til å ruste opp vegen. Otta utmarkstenester AS har rekna ut at opprustinga vil koste vel 2,5 millionar kroner. Det har ikkje Skjåk kommune råd til.

Rådmannen slår fast at den økonomiske situasjonen i Skjåk kommune tilseier at det ikkje kan løyvast midlar til opprustingstiltak nå.

– Sjølv om ei avhending av vegen vil innebera noko mindre ressursbruk i kommunen, vil ikkje denne innsparinga på langt nær forsvare ein opprustingskostnad på 2,55 millionar kroner. Ettersom den økonomiske situasjonen er som han er, vil rådmannen rå til at saka blir lagt på is, skriv rådmannen i si vurdering av saka. Han konkluderer:

– Kommunestyret vedtek at arbeidet for å avhende kommunalt eigarforhold i vegen Tuva -  Sota blir innstilt. Arbeidet kan takast opp att dersom det seinare blir løyvd kommunale midlar til opprusting.

Saka går nå til politisk behandling, fyrst i miljø- og næringsutvalet, deretter i formannskap og kommunestyre.