Golv i sauefjøs kollapsa

Golvet i eit sauefjøs i Skjervesida i Skårvangen i Vågå kollapsa onsdag morgon.
Nyheiter

Politiet i Innlandet melde på Twitter at sauer hadde gått gjennom golvet og ned i kjellaren i eit sauefjøs i Vågå.

Ulike etatar rykka ut til sauefjøset som ligg i Skjervesida i Skårvangen.

Ingen personar vart skadd.

Ved 10-tida onsdag kunne politiet opplyse at i alt 12 sauer gjekk gjennom golvet og datt ned i møkkakjellaren, men at alle var berga ut og i live.