Nasjonalparkstyret sitt vedtak om dispensasjon for oppføring av gjetarbu i Russdalen vart fyrst oppheva av Miljødirektoratet etter klagebehandling i 2017.

Styret valde å følgje opp saka politisk. Nestleiar Iselin Jonassen og styremedlem Aud Hove fekk i oktober 2017  eit møte med statssekretær Lunde i Klima og miljødepartementet der saka vart grundig drøfta.

Etter oppmoding om å vurdere saka på nytt, har Miljødirektoratet nå gjort nytt vedtak, i tråd med nasjonalparkstyret sitt vedtak. Dermed frå Russdalen beitelag byggje gjetarbu i Russdalen som søkt om.

Detaljert plassering skal avgjerast ved synfaring. Vågå kommune som myndigheit etter plan- og bygningslova, skal godkjenne byggesøknaden.