NRK har laga ein ny sesong av dokumentarserien «Gjetarar i Jotunheimen». Medan den førre sesongen omhandla gjetarane i Lom Tamreinlag, tek denne sesongen for seg Vågå Tamrein og gjetarane der.

Namnet på serien er nå endra til «Gjetar i Jotunheimen», og i kvar av dei fire episodane får tv-sjåarane bli kjent med ein ny person i Vågå Tamrein, og bli med vedkomande på jobb.

I den fyrste episoden blir vi kjent med Ragnhild J. N. Jacobsen frå Nord-Fron. Ho er busett i Randsverk og er ein av få i Noreg som gjetar med hest. Kvardagen hennar er full av eventyr, men inneber også å ofre noko.

I andre episode av «Gjetar i Jotunheimen» møter vi Mali Tungen frå Dombås. Ho er ny i jobben og har berre gjeta sau før. Å gjete ein diger reinsdyrflokk byr på heilt andre utfordringar.

Ola Vaagaasarøygard frå Lom er overgjetar i Vågå Tamrein, og det er han vi møter i seriens tredje episode. Han slutta på skulen allereie som tenåring for å passe reinsdyr. Nå lever han draumen sin, men kjenner også at ansvaret kan tynge, spesielt når den dødelege skrantesjuka blir påvist på villrein i nærleiken av tamreinen sitt beiteområde.

I fjerde og siste episode møter vi Jørn Slettom, også frå Lom. Han har reingjeting i blodet og har vakse opp med Jotunheimen som leikegrind. Nå kombinerer han gjetarjobben med turisme, og fjelltur med reinsdyr er populært, spesielt når turen går til Noregs høgaste fjell saman med den tamme reinsbukken Iver.

«Gjetar i Jotunheimen» blir sendt fire måndagar frå og med 26. februar, på NRK1 klokka 19.45.