– Dette er eit omfattande prosjekt. Det er naturleg med debatt – og det er heilt naturleg at politikarane har argument som går både for og mot. Det ligg i sakens natur. Det eg er ekstra nøgd med er at mindretalet, som røysta mot innstillinga frå administrasjonssjefen, heller ikkje stilte seg negative til å utarbeide eit forprosjekt, oppsummerer Berg.

Kommunestyret vedtok, med fjorten mot tre røyster, å stille seg positive til at det blir arbeidd vidare med alpinplanane i kommuneplanprosessen – og at administrasjonen skal setja av naudsynte ressursar til dette arbeidet.

Anne-Lise Marstein (Ap) var den som tok ordet fyrst. Ho var skeptisk.

– Eg føler eit enormt ansvar for pengebruken vår, særleg til eit kostnadskrevjande høgrisikoprosjekt som i stor grad har behov for risikovillig kapital. Vi må vera ekstremt forsiktige, også fordi vi parallelt med denne saka må ta omsyn til andre nyetableringar, oppfølgjing av allereie eksisterande næringsliv og ikkje minst presedensverknaden, sa Marstein og påpeikte at utbyggingsplanane, i tillegg til den økonomiske bekymringa, dessutan vil representere store sår i form av naturinngrep.

Marit Sletten (Sp) uttrykte på si side at ein må sjå kva moglegheiter som ligg i prosjektet før ein kan seia ja eller nei.

Jarmund Øyen (Bygdalista) uttrykte stor glede over å i det heile få behandle ei slik sak.

– Er det noko vi har gått og venta på i desse dalføra så er det tiltak som kanskje kan monne litt i høve den relativt dystre utviklingssituasjonen vi har i regionen, sa han.

Ordførar Bjarne Eiolf Holø fortalde at han har vore med på fleire møte mellom initiativtakar og grunneigarar.

– Og eg må seia det har vore positive, konstruktive møte der alle ynskjer å vite meir. Per Tore Berg har vore svært audmjuk overfor lokalbefolkning og grunneigarar. Han ynskjer ikkje å trampe inn med for store sko, han er godt kjend i området og dette er ingen plan han vakna med ein morgon og neste dag kom for å presentere. Det er ti år sidan han presenterte dette for fyrste gong. Nå håpar eg vi får styringsfart på dette, sa Holø.

Også Eilev Hellekveen i Lomslista stilte seg positiv.

– Eg vil vite meir. Eg ser positivt på ideen og pågangsmotet. Som politikarar diskuterer vi ofte korleis vi skal få folk til kommunane våre. Her er det ein som har eit konkret prosjekt og som vil prøve å få til noko i bygda vår. Da bør vi ta imot han, bistå med det vi kan bistå med og sjå om prosjektet er liv laga. Vi har ikkje råd til å la vera, sa han.

Per Tore Berg seier seg glad for det som vart sagt - og vedtaket.

– Mi oppfatning av politikarane i Lom er at dei stadfestar Lom sin posisjon som ein gjestfri og nyskapande kommune. Den positive haldninga trur eg dessutan kan gje signal til andre som også ser potensial i området, meiner han.