Vel 120 personar var samla til skredkveld på Norsk Fjellsenter i Lom onsdag kveld.

Marit Svarstad Andresen frå NVE Snøskredvarslinga drog igjennom ein del teori om korleis ein best skal vera rusta før ein tek åt på topptur. Ein kan ha god nytte av fleire nye hjelpemiddel og varslingar, som applikasjonane regobs og varsom før ein planlegg ein tur.

Det viktigaste er likevel å bruke fornuft og hovud, og ikkje ta sjansar.

Toppturar blir meir og meir populære, og rando-interessa har ennå ikkje nådd toppen. Men er alle like godt rusta til å gjennomføre krevjande turar og vurdere farene?

Ørjan Venås, ein av fem frå Ottadalen som er med i Skredgruppe Innlandet, var klar i talen.

– Vi har hatt flaks dei siste åra, det er kameratredningar som har gjort at folk ikkje har omkome. Eg er sikker på at vi snart får ei dødsulykke, sa han.

Dag Inge Bakke, sjølv skientusiast og tilsett på fjellsenteret, kom med klare råd.

– Slik tilhøva i fjellet er nå; vent med dei bratte turane - la snøen stabilisere seg. Det er lov å roe ned ambisjonane og gå andre turar - og lær å bruke skredutstyr som spade og søkestong. Det tek 30 minutt og kan vera livsviktig.