Det skriv rådmann Ola Helstad i ei sak som blir lagt fram for kommunestyret i Lom torsdag kveld.

I november i fjor informerte Per Tore Berg kommunestyret om moglegheita for eit alpinanlegg i Bøverdalen. I etterkant av møtet har Berg, som forslagsstillar, bede om ei uforpliktande attendemelding frå kommunestyret om deira syn på eit slikt tiltak.

Det er for tidleg for kommunestyret å ta endeleg stilling til forslaget, meiner rådmannen.

– Dersom planane om eit alpinanlegg i Bøverdalen blir ein realitet, vil dette føre til auka verdiskaping og sysselsetting. Samstundes vil det medføre til dels store naturinngrep i eit nasjonalt verdfullt kulturlandskap. Lom kommune stiller seg positiv til at det blir arbeidd vidare med innspelet frå Per Tore Berg i kommuneplanprosessen og at administrasjonen set av naudsynte ressursar til dette arbeidet. Det blir tilrådd at området blir omfatta av ein eigen kommunedelplan og dermed skilt ut av kommuneplanens arealdel. Dette arbeidet bør starte etter at det ligg føre eit tilfredsstillande forprosjekt frå forslagsstillar, skriv rådmannen i si innstilling til vedtak.

Rådmannen skriv vidare at dersom forprosjektet viser at det er grunnlag for å gå vidare med planane, må kommunen ta stilling til revidering av gjeldande planstrategi og planprogram for kommuneplanen. Geografisk avgrensing av planområdet blir gjort ved varsel av oppstart på kommunedelplanprossen.