Skjåk kommune har i dag tre hovudutval: Hovudutval for kultur og oppvekst, hovudutval for helse og omsorg og hovudutval for miljø og næring. Det er dei to fyrste hovudutvala rådmannen foreslår skal slåast saman. I så tilfelle vil utvalet få eit nytt namn: Hovudutval for helse, oppvekst og omsorg (HOO).

Da kommunestyret vedtok økonomiplanen for 2018-2021, i desember, vart det bestemt at det i 2018 skulle startast ein prosess «for å vurdere å slå saman dei to hovudutvala». Prosessen er nå i gang. I saksutgreiinga blir det opplyst at kommunen vil spare 87.000 kroner på å innføre den nye utvalsmodellen.

– Ut frå saksmengd er det logisk å slå saman dei to aktuelle hovudutvala. Behovet for økonomisk innsparing er òg eit argument for dette, skriv rådmannen.

Den nye utvalsmodellen skal innførast frå 1. april 2018.

Frå neste periode skal ein òg redusere antall medlemar i hovudutvala, frå sju til fem.

Saka blir nå sendt til politisk behandling.