19 bedrifter i lokal pengerulling

Medlemsbedrifter i Visit Jotunheimen har på dugnad samla inn 100.000 kroner for å gje heimesida eit skikkeleg ansiktslyft.

Spleiselag: Mari Arnøygard Wedum, dagleg leiar i Visit Jotunheimen AS, uttrykkjer stor glede over spleiselaget.   Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

I tillegg sponsar Sparebank1 Lom og Skjåk prosjektet med same beløp. Dermed vart det samla inn i alt 200.000 kroner.

Det var aksjonærane i Visit Jotunheimen AS som tok initiativet til innsamlingsaksjonen.

– Måten folk søkjer informasjon om sitt neste reisemål er i stadig utvikling. Ein liten organisasjon som Visit Jotunheimen lyt tenkje smart for å nytte ressursane best mogleg. Ny heimeside har lenge stått høgt på ynskjelista, seier Anne Wangen, aksjonær og styremedlem i Visit Jotunheimen AS.

Nå, når finansieringa er på plass, kan dagleg leiar Mari Arnøygard Wedum endeleg setja i gang arbeidet med å få på plass ei moderne nettside. Nye visitjotunheimen.no skal etter planen vera ferdig i løpet av april, i god tid innan sommarsesongen brakar laus i Lom og Jotunheimen.

– Det viktigaste er å få ei nettside som forenklar informasjonsflyten til visitnorway.no, der særleg mange utanlandske turistar søkjer informasjon. I tillegg blir sida etter kvart tilrettelagt for online booking, og kjem i både norsk og engelsk versjon. Det siste er ei sjølvfølgje for eit destinasjonsselskap midt i fjell-Noreg, seier Mari Arnøygard Wedum.

Visit Jotunheimen har per i dag 50 aksjonærar. Administrasjonen og turistinformasjonen ligg i Lom sentrum.