Det sa Astrid Gjertsen, tidlegare varaordførar for Bygdalista i Skjåk, da Lom og Skjåk kvinnenettverk arrangerte temakveld førre veke.

Temaet for møtet var demokrati- og demografiutfordringane i Ottadalen.

I Skjåk er det to aktive parti: Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

– Eg trur dei politiske debattane hadde vorte breiare og meir interessante med Bygdalista i tillegg til Ap og Sp. Ved å vera med på ei bygdaliste treng ein ikkje å ta eit partipolitisk standpunkt for å kunne engasjere seg og påverke, og da kan det kanskje vera enklare å seia ja, seier Gjertsen.

Sjølv er ho usikker på om ho har tid og energi til å engasjere seg på nytt i lokalpolitikken i Skjåk, eller eventuelt seia ja til å stå på ei valliste.

– Men fleire eg kjenner pratar politikk, dei har meiningar om eitt og hitt og syner stort engasjement. Somme seier at dei saknar Bygdalista. Eg må vedgå at eg saknar Bygdalista litt eg òg, ler Gjertsen, som slår fast at dei berre har tida og vegen dersom ei liste skal stillast til neste kommuneval.

– Med fleire stemmer, fleire parti og fleire kvinner er eg sikker på at vi får betre debattar og betre demokrati i skjåkpolitikken. Dersom einkvan har lyst til å starte dette arbeidet, er det berre å stikke innom Skafferiet, så tek vi ein prat, oppmodar Astrid Gjertsen.

Lom og Skjåk kvinnenettverk har som mål å byggje kjennskap mellom etablerte og nye, aktive kvinner for å bidra til kjønnsbalanse i politikken i Ottadalen. Brit Oline Forberg, som er leiar i nettverket, innleidde med det ho meiner er tre utfordringar for å utjamne kjønnsbalansen i kommunestyra i Ottadalen.

– Vi må finne kvinnene som har lyst, vi må få dei på listene og vi må få dei valt, sa ho.

Somme påstår at kvinne er kvinner verst, og kanskje er det noko i det. Trass i at vallistene blir satt opp med annakvar mann og kvinne, har det ofte endra seg når valresultata kjem.

– Da er mennene i overtal. Det er svært viktig å bevisstgjera alle oss som veljarar på kven vi kryssar på og ikkje, sa Forberg og slo fast at kvinner har større valdeltaking enn menn – men at kvinnene ofte vil velja menn framfor kvinner.

I tillegg til at kvinner ikkje alltid stemmer på kvarandre, har dei heller ikkje alltid trua på seg sjølve. Borgny Sletten, leiar for senterkvinnene i Oppland, meinte at kvinner ofte kjenner på dårleg samvit.

– Kvinner har kanskje lettare for å få dårleg samvit enn menn. Det trur eg mange kjenner på når dei vel å bruke tid på ulike verv, sa ho.

Kvinnenettverket Lom og Skjåk var òg inne på Metoo-kampanjen. Fleire uttala at kampanjen kan gjera det enklare for både kvinner og menn i politikken – og andre organ – ved at alle får klare liner på kva som er greitt og utgreitt.