Klare for «Klassequizen»

Ny runde med «Klassequizen» er i gang på NRK P1. Denne veka skal ungdomsskulane i Ottadalen på lufta.

«Klassequizen»: Håkon Bøhle, Marit Brekkum og Mari Steinveg representerer Skjåk ungdomsskule i kunnskapskonkurransen «Klassequizen». Her saman med NRK-programleiar Elin Fossum. Måndag var det innspeling på ungdomsskulen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Vi trefte tre spente tiandeklassingar på Skjåk ungdomsskule måndag. Håkon Bøhle, Marit Brekkum og Mari Steinveg representerer Skjåk ungdomsskule i NRK si populære kunnskapskonkurranse «Klassequizen», og måndag føremiddag var dei klare for radioopptak.

50 ungdomsskular i Oppland og Hedmark deltek i «Klassequizen», som blir arrangert for sjette gong på landsbasis. I alt er 468 skular over heile landet med i konkurransen.

I Oppland og Hedmark er det programleiarane Elin Fossum og Ola Bjørlo Strande som reiser rundt til skulane for å spele inn konkurransen som blir sendt på radio NRK P1 fleire dagar i veka, på morgon- og ettermiddagssendingane til NRK Hedmark og Oppland.

– Vi tek det som det kjem. Målet er å gjennomføre og gjere vårt beste. Er vi så heldige at vi får så mange poeng at vi kjem til finalen, er det berre artig, sa dei tre elevane på Skjåk ungdomsskule til Fjuken rett før programleiar Elin Fossum slo på mikrofonen og starta konkurransen måndag.

Medan Håkon Bøhle håpa på mange geografi-spørsmål, håpa Marit Brekkum og Mari Steinveg at det heller skulle bli litt av alt.

– Lett blanding er vi gode på! sa dei to jentene.

For utan Skjåk ungdomsskule, deltek også både Lom ungdomsskule og Vågå ungdomsskule i «Klassequizen». Måndag vart det gjort opptak også i Lom. Vågå ungdomsskule får besøk av NRK tysdag morgon.

Korleis det går med dei tre ungdomsskulane i Ottadalen kan du høyre på radio allereie denne veka. Onsdag morgon mellom klokka 08.30 og 09.00 kan du høyre Skjåk ungdomsskule. Lom ungdomsskule kjem på lufta same dag mellom klokka 14.30 og 15.00. Vågå ungdomsskule si deltaking blir sendt fredag mellom klokka 14.30 og 15.00.

To lag frå kvart fylke vil gå vidare til nasjonal finale i Oslo. I Oppland og Hedmark blir siste skule i den innleiande runda sendt på radio fredag 16. mars, og det er fyrst da det blir avgjort kven som får reise til Oslo for semifinalar og finale.

– Dette vil bli sendt på tv i beste sendetid, fem laurdagar på rad i april og mai på NRK1, seier programleiar og «quizmaster» Elin Fossum.