Billigare bompasseringar i Gudbrandsdalen

Frå 1. mars blir det nye bomtakstar.

Nye takstar: Frå 1. mars blir det nye takstar på bomstasjonane.  Foto: Illustrasjon/ Statens vegvesen

Nyheiter

Bompengetakstane blir endra som fylgje av at Stortinget har løyvd eit tilskot for å redusere bompengetakstar utanfor byområde. Målet med tilskotet er å redusere bompengebelastninga for bilistar og motivere bompengeselskapa til gjennomføring av bompengereforma.

Dersom Stortinget held fram med pengar til ordninga vil tilskotet bli gjeve årleg. Regjeringa har for inneverande år sett av 500 millionar kroner til ordninga.

I Gudbrandsdalen blir det billigare bompasseringar både på E6 og fylkesveg 312 mellom Sjoa og Frya. Mellom Tretten og Øyer blir dagens takst vidareført for personbilar, men rabattordninga med AutoPass blir auka frå 10 til 20 prosent. På bomstasjonane mellom Sjoa og Frya er det allereie 20 prosent rabatt med AutoPASS-avtale.

Dette er dei nye takstane (tidlegare satsar i parentes) som gjeld frå 1. mars:


Bomstasjon                             Takstgr.1     Takstgr. 2     
E6 Tingberg (Øyer-Tretten)Kr. 24 (Kr. 24)Kr. 40 (Kr. 48)
Fv312 Skarsmoen (Øyer-Tretten)Kr. 18 (Kr. 18)Kr. 30 (Kr. 36)
E6 Odenrud (Frya-Sjoa)Kr. 33 (Kr. 36)Kr. 66 (Kr. 72)
E6 Hardvollsmorka (Frya-Sjoa)Kr. 22 (Kr. 24)Kr. 44 (Kr. 48)
E6 Teigkampen (Frya-Sjoa)Kr. 30 (Kr. 33)Kr. 60 (Kr. 66)
E6 Bjørkerusten (Frya-Sjoa)Kr. 15 (Kr. 16)Kr. 30 (Kr. 32)
Fv312 Hesteskobakken
(Frya-Sjoa)
Kr. 16 (Kr. 18)Kr. 32 (Kr. 36)
Fv312 Moastugu (Frya-Sjoa)Kr. 11 (Kr. 12)Kr. 22 (Kr. 24)

I takstgruppe 1 inngår køyrety til og med 3.500 kilo. I takstgruppe 2 inngår køyrety frå og med 3.501 kilo.