Innbrakt for vald

Ein person vart køyrt til arresten på Hamar natt til sundag.
Nyheiter

Politiet i Ottadalen måtte natt til sundag rykke ut for å ta hand om ein kar som hadde utøvd vald mot ein annan person i eit hus i Skjåk.

– Han vart innbrakt for kroppskrenking. I tillegg hadde han eit ubestemt stoff på seg som vi mistenkjer kan vera narkotika, seier politibetjent Roger Haugen.

Karen vil òg bli tiltala for skadeverk på ein politibil, da han sparka sund ei kupelampe inne i bilen.