Folkemusikktreffen i Vågå:

Æresmedlemar og ny kappleik

Laurdag vart det kjent at Vågå skal arrangere Landskappleiken i 2019, og to nye æresmedlemar vart utnemnde.

Vart æra: Kjærsti Gangsø (t. v.) og Øyvind Skogum vart æresmedlemar av Vågå spel- og dansarlag. Det var leiar i laget, Hilde Reitan, som sto for utnemninga.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Veteranen Øyvind Skogum og Kjærsti Gangsø vart båe utnemnde til æresmedlemar i Vågå spel- og dansarlag under mønstringskonserten i kulturhuset laurdag efta.

Skogum har vore med i laget sidan oppstarten i 1952, medan Gangsø har vore brennande engasjert i det friviljuge arbeidet i laget.

Det var også Kjærsti Gangsø som fortalde publikum at vagværane skal vera vertskap for Landskappleiken i 2019, berre tre år etter at kappleiken sist vart arrangert i bygda.


Kristian Gårdens minnefond:

Ragna fekk prisen

Det aller fyrste stipendet til lovande folkemusikarar i Vågå, vart delt ut fredag kveld.



Bildeserie frå minnekonsert etter Kristian Gården:

– Kristian hadde vore den siste som ville reist att

Fredag vart det halde ein storstila konsert til minne om Kristian Gården.