Takoverbygg har rasa saman

Takoverbygget til Pizzabakeren på Vågå handelshus har rasa saman og ned på parkerte bilar.

Vågå handelshus: Det er eit takoverbygg til Pizzabakeren som har rasa saman.  Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV

Nyheiter

Cirka 21.30 torsdag kveld melder politiet på Twitter at takoverbygget til Pizzabakeren på Vågå handelshus har rasa saman.

Det er snø som har rasa frå taket på handelshuset og ned på overbygget over inngangen til Pizzabakaren og Landhandleriet, som har gjort at takoverbygget har kollapsa.

Takoverbygget har rasa ned på parkerte bilar.

NRK Hedmark og Oppland skriv at politiet har rekvirert lavinehund og gravemaskin. Ingen personar skal vere inne i bygget, men ein lavinehund skal søkje gjennom snømassene for sikkerheits skuld.