Oppbygginga av kraftstasjonen er i gang

– Vi har nådd den første viktige delmilepælen i Nedre Otta-utbygginga. Krana i maskinsalen er overlevert og oppbygginga av kraftstasjonen er i gang, seier prosjektleiar Pål Røssum i Eidsiva Vannkraft.
Nyheiter

For eit par dagar sidan starta monteringa av to sugerør i stål som skal inn i Nedre Otta.

Desse sugerøra er produsert like ved byen porto i Portugal, og produksjon og transport har gått etter planen. Totalt veg sugerøra over 39 tonn, og dei største segmenta er ni meter breie.

– På grunn av transporten frå Portugal til Noreg måtte røyra delast i fem delar før dei vart frakta på spesialtransport. På anlegget blir dei nå sveisa saman på nytt før dei blir støypt inn, seier Pål Røssum i ei pressemelding.


Fjellarbeid
–  Skanska har til nå teke ut cirka 525.000 faste kubikkmeter fjell av totalt ein million kubikkmeter. Alle tilkomsttunneler, svingesystem og fjellhaller er nå teke ut. Det som står att av fjellarbeid er sjølve vassvegen, der det står att å ta ut totalt 5,2 kilometer med tunnel før det blir gjennomslag mot dam i Eidefossen og utløp i Ottaelva.

Røssum fortel at Skanska i snitt har hatt ein produksjon på cirka 120 meter per veke i vassvegtunnelen, sidan sommarferien 2017. Tunnelen er på 90 kvadratmeter.

– Dette er godt over den planlagde vekeproduksjonen og er å sjå på som svært bra. Fjellkvaliteten har vore betre enn kva vi trudde under planlegginga. Det hefter sjølvsagt noko usikkerheit til det som står att, og særleg gjeld dette når vi skal krysse Ottaelva, seier Røssum.


Stor løftekapasitet 
Den fyrste mekaniske montasjen er krana i maskinsalen. Krana er eit svært viktig verktøy for vidare bygging og montasje i kraftverkshallen.

Krana er kjøpt av GH-Cranes i Spania, gjennom norske Datek Løfteteknikk AS som agent.

Røssum fortel at kranas hovudkrok har ein løftekapasitet på 160 tonn.

- I tillegg har den to hjelpekraner som kan løfte 10 tonn kvar. Løftekapasiteten til hovudkroken blir bestemt ut frå rotorløftet, som skal gjerast ein gong i 2019. Datek har aldri levert ei kran med så stor kapasitet som denne, seier Pål Røssum.

Inntaket ved dam Eidefossen vart ferdig sprengt ut før jul. Betongarbeid og mekanisk montasje vil gå føre seg i 2018 og kanalisering inn i magasinet er planlagt utført i april 2019.


Fakta om Nedre Otta
Bygginga av Nedre Otta kraftverk i Sel og Vågå kommunar er i dag Norges største vasskraftprosjekt. Kraftverket skal vere ferdig våren 2020 og ha ein produksjon på 315 GWh. Det svarar til straumforbruket til over 15.000 husstandar per år.

Det er AS Eidefoss og Opplandskraft DA som har konsesjon til utbygginga av Nedre Otta kraftverk, og bygging av tilhøyrande 132 kV-linje.

Nedre Otta DA står for utbygginga. Det er eit samarbeidsprosjekt mellom AS Eidefoss, E-CO Energi og Eidsiva Energi.