Bidreg til eit demensvennleg samfunn

Næringsdrivande på Vågå handelshus deltok på fyrste kurset om korleis gje god service til personar med demens.

Kurs: Næringsdrivande på Vågå handelshus var dei fyrste deltakarane på kurset. Frå venstre står Svein Rune Damstuen, Mette Ragnhild Valde Damstuen, Wenche Frikstad, Elisabeth Braaten Resseth, Lillian Bakke, Kristiane Skjedsvold Hermansen, Randi Damstuen, Haldis Garmo, Jorunn Heier, Marius Stenbakk, Inger kari Sæta og Bodil Sagsletten.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

31. august 2017 signerte ordføraren i Vågå under på ei samarbeidsavtale med Nasjonalforeininga for folkehelsa om å bli eit meir demensvennleg samfunn.

Førre onsdag gjekk det fyrste kurset for folk innan serviceyrke om korleis ein skal møte personar med demens.

Arbeidsgruppa bak desse kursa er demenssjukepleiar Bodil Sagsletten, Jorun Heier frå Vågå demensforening, Inger Kari Sæta frå Frivilligsentralen og Marius Stenbakk frå næringslivet.

– Vi er heldige vi som bur i Vågå, der vi kjenner dei fleste, sa Bodil Sagsletten.

Ho kom med god råd til dei næringsdrivande om korleis dei skal møte personar som har utfordring med hukommelse og orienteringsevne.

– Prat tydeleg, lytt med godvilje, gje hjelp til betaling og vis respekt, var nokre av råda som vart gjeve.

– Personar med demens vil få ein betre kvardag om ein bryr seg, sa Sagsletten.

Eit klistremerke på døra er bevis for at ein har teke kurset.