Tidlegopning av Sognefjellsvegen:

Saka utsett

Fylkesutvalet utsette saka om tidlegopning.

Utsett: Om Sognefjellsvegen blir tidlegare opna er ennå ikkje bestemt.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Fylkesutvalet i Oppland behandla tysdag saka om Sognefjellsvegen skulle opnast tidlegare.

Ynsket frå næringsliv og kommune i Lom, er å få opna vegen til 1. april.

Fylkerådmannen rådde til å halde på dagens opningsregime, med opning tidlegast 1. mai.


Nei til tidlegopning

Tysdag skal fylkesutvalet avgjera våropninga til Sognefjellsvegen.

 

Noko vedtak vart ikkje fatta, da det vart føreslege å utsetja saka for å gjennomføre møte med kommune og næringsliv før eit endeleg vedtak blir banka.