Går for samanslåing

Skal kulturskulen i Lom og kulturskulen i Skjåk slåast saman? Ja, meiner arbeidsgruppa.

Felles: Skal kulturskulane i Lom og Skjåk slåast saman? Ja, meiner arbeidsgruppa. Snart skal politikarane ta den endelege avgjerda.   Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det vart teke initiativ til å utgreie felles kulturskule Lom og Skjåk våren 2016. I Lom manglar det fast rektor, medan det i Skjåk er ynskje om å redusere kostnader.

Arbeidsgruppa har vore samansett av seks personar, tre frå kvar kommune. Saka blir nå sendt til politisk behandling, og konklusjonen frå arbeidsgruppa er klar: Dei to kulturskulane bør slå seg saman til ein felles kulturskule.

Konklusjonen er grunngjeve slik:

  • Det er to små kulturskular med små og sårbare faglege miljø
  • Det er to kulturskular som uansett vil måtte samarbeide tett for å kunne følgje opp rammeplanen
  • Ved å slå saman dei to skulane ser ein fleire positive effektar som kan realiserast
  • Større kapasitet på område med stor etterspurnad
  • Betre rusta til å styrke samarbeidet med grunnskule og det friviljuge kulturlivet
  • Skulane vil stå sterkare saman i samarbeid med andre kulturskular

Arbeidsgruppa har fleire vilkår for samanslåing, blant anna at ein av kommunane skal vera vertskommune for kulturskulen.

– Det er viktig for rektor å ikkje måtte halde seg til to kommuneadministrasjonar og to kommunestyre, heiter det i rapporten.

Arbeidsgruppa set òg som vilkår at det må leggjast godt til rette for at den nye kulturskulen kan gje elevane gode moglegheiter til å presentere arbeidet sitt i båe kommunar.

– Kulturskulen skal ha eit høveleg og utstyrt kontor for rektor. Det må òg vera tilrettelagt lokale som kan nyttast til personalmøte, samlingar for tilsette i kulturskulen og møte med foreldre, skriv arbeidsgruppa.

Det har tidlegare vore spekulert i at Marlo skule, som skal leggjast ned, kan nyttast som felles kulturskule for Lom og Skjåk. Det blir ikkje sagt noko om dette i rapporten frå arbeidsgruppa.