Kom deg ut-dagen er Noregs nasjonale turdag, med over 150 arrangement over heile landet. Dagen blir arrangert i regi av Den Norske Turistforening (DNT) to gongar i året. I dag, sundag 21. januar, blir årets fyrste «Kom deg ut-dag» arrangert.

Målet med dagen er å gjeva flest mogleg ein smakebit på det ein kan finne på ute i naturen.

– Vi håpar at «Kom deg ut-dagen» kan vera startskotet for ein aktiv vintersesong med turar og aktivitetar. Og har ein lyst til å treffe nye turvener, er dette rette dagen, seier Therese H. Heramb som er dagleg leiar i DNT Gudbrandsdalen.

Sjølv om DNT ikkje har noko eige arrangement i Ottadalen på «Kom deg ut-dagen», oppmodar foreininga små og store til å bruke denne sundagen ute.

– Vi vil inspirere alle til å koma seg ut for å oppleve ein fin og sosial dag i naturen, og håpar opplevinga kan bidra til ein aktiv og god vinter. Friluftsliv treng ikkje å vera komplisert. Dei viktigaste turane er dei ein enkelt kan gå heimafrå, seier Therese H. Heramb.

Kom deg ut!