Det var på riksveg 15 ved Ekren vest for Lalm i Vågå at ein lastebil køyrde av vegen og velta laurdag kveld.

Den fyrste meldinga kom til politiet rett før klokka 19.

Frå operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får vi opplyst at føraren har kome seg ut av lastebilen og at han er uskadd.

Rett før klokka 20 har politiet ennå ikkje hatt kapasitet til å ha vore på staden for å inspisere, men i fylgje operasjonsleiaren kan trafikken fint passere forbi området der utforkøyringa skjedde.