– Får vi med oss i underkant av 400 friviljuge, blir det stutte vakter på kvar. Det må vi få til. Målet er at dette skal bli artig for alle, både gjestane våre og dei mange som jobbar som friviljuge. Vi skal få til eit skikkeleg godt ball i Bismo, seier Randi Rust.

Den energiske leiaren i Skjåk Spel- og dansarlag er også leiar i hovudkomiteen for Landsfestivalen i gamaldansmusikk. 1.-5. august skal spel- og dansarlaget vera arrangørar for Landsfestivalen i regi av organisasjonen FolkOrg, ti år etter at dei sist arrangerte landsfestivalen i Skjåk.

Randi Rust fortel at hovudkomiteen har rimeleg god kontroll, eit halvår før det brakar laus i Bismo. Men det trengs hjelp. Mykje hjelp.

– Vi er avhengige av å få med oss mange friviljuge til å hjelpe til med alt frå sal og servering av mat og drikke, vakthald, rigging og rydding, seier Rust.

Ho fortel at mange allereie har teke kontakt og registrert seg som friviljug under festivalen, men at det skal til mange friviljuge på eit så stort arrangement. Randi oppmodar interesserte til å anten ta kontakt med éin av dei som sit i komiteen, eller via nettsidene til Landsfestivalen, der ein kan registrere seg som friviljug.

– Som takk får du både god traktering, t-skjorte og inngang til festivalen, seier leiaren.

I tillegg til Randi Rust består hovudkomiteen for Landsfestivalen av Kjell Bakken (arena), Mathias Holø (mat), Lena Banken Kolden (tevling), Veronica Bakken (kultur), Kristen Dagsgard (booking/ overnatting), Aud Hove (PR), Karen Melhus Dahl (økonomi) og Siv Jorun Welve (sekretær).

Mogardsjordet vil fungere som festivalcamping i august, og Randi Rust fortel at det er dimensjonert for 250 vogneiningar på jordet.

– Vi håpar også at folk i Skjåk tør å vera vertskap, og kan ta på seg å ha overnattingsgjestar under Landsfestivalen. Om det er kjellar, eit stabbur, eit gjesterom eller ei campingvogn ute i hagen. Alt er av interesse, seier Randi Rust.

Ho veit at ein del avtaler allereie er gjort mellom privatfolk og gjestar, men trur også at mange skjåkværar sit på gjerdet og er usikre på om dei skal tore å leige ut sengeplassar til framandfolk.

– Hugs at festivalfolket er like sosiale folk som det vi sjølve er, og kanskje får du til og med nokre nye vener. Betaling får du óg, seier Rust.

Leiaren har eit håp om at innbyggjartalet i Skjåk blir dobla under festivaldagane i august.

– Gamaldansfolket gler seg til å kome til Bismo att, og eg har stor tru på at besøkstalet skal bli bra, seier Randi Rust.

Landsfestivalen i gamaldansmusikk startar onsdag 1. august med musikk og dans i teltet. Tevlingane startar torsdag. Skjåkhallen er hovudarena under festivalen, og det er her tevlingane vil gå føre seg. På grasbana/fotballbana utanfor Skjåkhallen blir det eit stort mattelt der det blir servering av mat og drikke, i tillegg til musikk, dans og anna.

– Hjå oss skal det bli servert god mat, og rikeleg med mat. Og sjølvsagt blir det kjøtkake på gaffel! smiler Randi Rust.

Sjølv om dei har god kontroll, og det er att eit halvår til det brakar laus i Bismo, blir det ein travel vår og sommar for hovudkomiteen og Skjåk spel- og dansarlag som skal få alle brikkene på plass.

– Vi har rykte på oss for å vera gode arrangørar, og eg trur vi skal meistre dette bra. Målet er å få til ein knakande god fest, seier Randi Rust.