Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Halvard Strind i Lom. Han fylte 12 år den 18. januar, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken ein av dei fyrste dagane.

Halvard vart gratulert i avisa av bestemor og bestefar.

Gratulerer med dagen, Halvard!