Nå får du 5.000 kroner for å levere inn lastebilar til vraking. For campingvogner og bobilar får du 3.000 kroner, medan du får 500 kroner for å vrake mopedar og motorsyklar.

Bakgrunnen er at vrakpantordninga vart utvida frå nyttår.

Køyretyet leverast til ein godkjent biloppsamlar på same måte som ved vraking av bilar. Sjølv om vrakpantordninga nå også gjeld campingvogner, bobilar, lastebilar, mopedar og motorsyklar, er det ikkje sikkert at alle biloppsamlarar vil ta imot vraket ditt.

I fylgje Miljødirektoratet er dei nemleg ikkje plikta til å ta imot dei nye køyretya det nå har vorte innført vrakpant for, og det kan difor vera lurt å ringe biloppsamlaren og sjekke dette på førehand slik at ein ikkje risikerer ein bomtur.

Biloppsamlarane får tilskot for å ta imot og behandle køyretya det vart innført vrakpant for frå 1. januar i år. Driftstønaden dekkjer heile eller delar av anlegget sin kostnad for mottak, transport, miljøsanering og behandling av køyretya.

Den ordinære vrakpanten på 3.000 kroner for personbilar, varebilar og enkelte andre køyrety blir vidareført.

Det er Miljødirektoratet, i samarbeid med Skatteetaten, som administrerer vrakpantordninga.