Hjå Odd Erik Aukrust i nedre Bøverdalen har to hjortar stanga og ete hol på 36 rundballar.

– Det er fortvila. Det tok til fredag ettermiddag, da såg eg hjortane og fekk jaga dei. Natt til sundag kom dei på nytt, to unge bukkar. Da det vart ljost, såg eg at dei hadde stanga og bite hol på 36 rundballar. Eg vart overraska over at dei hadde fått hol på så mange. Nå må eg gjera det beste for å tape dei og håpe det beste. Men blir det betre temperatur, vil det nok gå varmt i rundballane – og dei vil mygle. Det økonomiske tapet er stort. Eg må fore kyrne mine, det er levebrødet mitt å produsere mjølk, sukkar Aukrust.

Men det er likevel ikkje det verste, meiner han. At det ikkje er mogleg å få fellingsløyve, altså ta ut skadedyra, tykkjer han er merkeleg.

Plan- og miljøvernrådgjevar Sander Sælthun i Lom kommune stadfestar at ein ikkje kan gje skadefellingsløyve for å avverge skade på hausta avlingar. Med heimel i naturmangfaldlova kan ein gje løyve til uttak av hjortevilt for å unngå eller redusere skade på avlingar – men berre når det er prøvd ut tiltak utan å lykkast – og altså: Det gjeld ikkje avlingar som er hausta.

– Denne vinteren er verre enn nokon gong før, trass i at det hausten 2017 vart skote fleire hjort enn noko sinne. Eg har fått meldingar om skade på rundballar frå ei mengd gardbrukarar, frå øvre og nedre Bøverdalen, frå Øvergrenda, Lia og Garmo. Det er ingen tvil om at det er mykje hjort. Dette, kombinert med mykje snø, vil eg tru er forklaringa på situasjonen slik han er nå, seier Sælthun.

Odd Erik Aukrust vil ta kontakt med Lom idrettslag i håp om å få kunne låne delar av det store gjerdet som blir brukt under Fjordingsmartnan og andre arrangement.

– I så tilfelle får eg gjerda inn rundballane, og kanskje blir eg kvitt problemet. Men uansett: Eg har tapt mykje fòr og mykje pengar. Dessutan vil eg tru dei to bukkane vil gå vidare når dei ikkje lenger får tak i rundballane mine. Da vil dei oppsøkje andre gardbrukarar og heller forsyne seg der.

Odd Helge Kvamme, som er leiar i nedre Bøverdalen grunneigarlag, fortel at ei mengd gardbrukarar i grenda er fortvila over situasjonen. Hjortane forsyner seg gildt av rundballane på fleire gardar.