Geir Inge Kirkestuen disponerer eit større areal gjennom Kirkestuen Eiendom AS i industriområdet i Øyom. Her har Bring og posten terminal, og like ved ligg den gamle bussgarasjen til Fjord1/Ottadalen billag som Kirkestuen i si tid overtok.

Ligg til rette

– Her ligg allereie mykje til rette for ein bussterminal for langrutene, både for oppstillingsplassar for bussar og parkering for personbilar, seier han.

Kirkestuen har fylgd med i media om utfordringane med parkering og bussterminal i Lom sentrum.

– Eg tenkte at eg kunne koma med eit uformelt innspel om tankane mine kring dette, fortel han.

For stutt tid sidan sende han ei skisse for korleis han ser at mykje kan løysast med omsyn til bussterminalproblematikken.

– Det er ikkje plass på Bergom lenger, og sidan sentrum etter kvart har vorte flytta lenger aust, kvifor kan ikkje også bussterminalen leggjast hit? Ein kan òg sjå til Vågå, der går ikkje langrutene innom sentrum, men har eigen stoppestad utanfor.

Framtidsretta

Geir Inge Kirkestuen meiner også at ein bussterminal i industriområdet i Øyom vil vera framtidsretta.

– Ei framtidig omlegging av riksveg 15 vil gå rett ved sida av området. Også slik ligg det dermed godt til rette her, seier han.

Det meste av infrastruktur ligg klart i området, for både inn- og utkøyring av bussar og det er eit garasjeanlegg som lett kan omgjerast.

– Lom, som den turistmagneten han er, bør ha ein ordentleg bussterminal med fasilitetar som eit venterom og toalett. Her er alt mogleg, seier Kirkestuen. I bergomsgarden er det fullt, å gjera noko med eksisterande terminal vil seia det same som å hindre vidare utvikling der, meiner Geir Inge Kirkestuen.

– Positivt

– Eg tykkjer det er svært positivt at næringsaktørar engasjerer seg og kjem med konstruktive innspel i saker som dette, seier ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø.

Han understrekar at fyrsteprioritet er å gå vidare med planane for området rundt kyrkja, men at ein neste omgang må sjå på alternativ som Kirkestuen skisserer.

– Vi lyt uansett ha ei anna plassering enn i dag og Lom som knutepunkt fortener ein skikkeleg bussterminal med fasilitetar, seier han.

Om bussterminalen skal flyttast, må det vera stoppestader for lokalrutene i sentrum. Det er berre eitt av mange moment som må avklarast.

Formannskapet i Lom fekk skissene frå Kirkestuen til orientering førre veke, og dei blir lagt ved i det vidare arbeidet. Planane om å leggje terminalen til prestgardsjordet, er ikkje lagt daude, men det vil vera ein del hinder for dette. Både jordvern og kulturminnevern står sterkt her.

Prestgarden

Eit anna moment som er med i debatten om parkering, er å flytte dei mange turistbussane om sommaren, frå kyrkjevollen til området ved Utgard. Her luktar ein på tanken med å rive driftsbygningen i Prestgarden og legge til rette for bussparkering der.

Om riksveg 15 nokon gong blir lagt om, vil den skisserte terminalen ligge sentralt til. Han vil òg ligge nær butikkane i Øyom.
Skal driftsbygningen på Prestgarden rivast for å gje plass til turistbussar? Det er eitt av mange spørsmål som må svarast på. Foto: Hans Erik Kjosbakken