Ved nyttår vart det skrive eit ny kapittel av historia til «Foreiningje». Etter 145 år med lokalt eigarskap, har handelshuset midt i Vågåmo sentrum fått nye eigarar.

Da tok selskapet Nygata 12 AS med adresse Brumunddal formelt over som eigarar av Vågå handelshus.

Bak det nye eigarselskapet står tre kameratar i midten av 20-åra bak. Dagleg leiar Eirik Aspeli Sletten, styreleiar Christian Skaugen og Thomas Thorsrud. Trioen eig også Tec Holding AS som driv med kjøp, sal og utleige av eigedomar.

– Vi må nok finne eit nytt firmanamn på selskapet som nå eig Vågå handelshus, seier Eirik Aspeli Sletten.

Førre torsdag fekk dei nye eigarane overlevert nøklane til handelshuset av styreleiar Anders Gustav Bjørnsen.

Han fortel at det var fleire interessentar til å kjøpe eigedomen, men at det berre var ein lokal og trioen frå Brumunddal som la inn bod.

– Vågåmo er ein plass som skil seg ut og som har potensiale, seier Aspeli Sletten.

Det er noko ledig plass i kjellaren i dei tidlegare lokala etter skobutikken som var der for fleire år sidan. Sletten og Skaugen fortel at dei vil prøve å få leige ut desse kjellarlokala til butikk eller kontorplassar.

Sjølv om tida er stutt sidan dei nye eigarane tok over, har dei likevel gjort seg nokre tankar om framtida.

– Vi vil pynte opp fasaden av bygget, få opp ljos for å gjere butikkane meir synlege, seier Aspeli Sletten.

Han seier at ting vil skje i løpet av året når ein kjem ut av vinterdvalen.

Dei nye eigarane ser også moglegheiter i andre etasje med kontora der, og hjørnet der det i dag står kafébord kan bli ein fin liten butikk.

I samarbeid med leigetakarane vil dei nye eigarane prøve å lage eit betre salsmiljø.

– Målet er å få ein plass der folk får lyst til å handle, seier Christian Skaugen.

Han seier at kaféområdet midt i huset ligg fint til som eit samlingspunkt.

– Det er fint at handelshuset har fått eigarar som vil noko, seier Anders Gustav Bjørnsen.

Dei tre unge nye eigarane har alle arbeid ved sidan av. Ein er møbelsnekkar og to er automatørar.

Kafeen er eit flott samlingspunkt, meiner Christian Skaugen og Eirik Aspeli Sletten. I midten sit Anders Gustav Bjørnsen, styreleiar i Vågå handelshus som nå er seld. Foto: ARVE DANIELSEN