Nå har den aktive og kreative skigruppa i Lom IL funne ut at dei skal arrangere eit skirenn i Presthaugen att. Nærare bestemt fyrstkomande sundag.

Skigruppa har tenkt at rennet skal markere 50-årsjubileet for etableringa av ljosløypa i Presthaugen, og 40-årsjubileet for det siste rennet. Når det gjeld det siste rennet, herskar det tvil om det vart halde i 1978, for allereie i 1975 tok arbeidet med å etablere ljosløype i Lia til. Ein er såleis usikker på kva tid det siste rennet gjekk av stabelen i Presthaugen.

Opplysningane om etableringa av ljosløypa har skigruppa henta frå ei skuleoppgåve som Ola Gjeilo skreiv for mange år sidan.

Det var under leiing av Wilhelm Ruud (Bjertnes) at idrettslaget i 1968 bestemte at det skulle lagast ei ljosløype i Presthaugen. Finansieringa kom i stand ved hjelp av tippemidlar, men det kom òg pengar frå ulike tilstellingar, kakelotteri og anna. Det vart også seld andelsbrev. Arbeidet vart for det meste gjort på dugnad.

Løypetraseen rundt bygdatunet i Lom var ikkje lang, og den var smal. Det måtte huast «løype» for å koma forbi, og stakkaren som måtte ut av sporet laut ta seg ein kvil i laussnøen.

Dette med snø, eller mangel på nettopp det, vart lagnaden til både løype og skirenn sentrumsnært i Lom.

– Det var heller ikkje så stor skiinteresse i Lom. Dei som gjekk på ski representerte fyrst og fremst idrettslaga i Garmo og Bøverdalen, fortel Knut Vole. Det er fyrst dei siste ti-femten åra at skiinteressa har teke til å blomstre att i Lom, seier han og nemner Jostein Aakre som ei drivkraft bak den nye given.

Sundag er det altså duka for renn att i Presthaugen, og skigruppa håpar at mange kjem.

– Særleg håpar vi at mange som deltok på 70-talet vil koma, gjerne med gamalt utstyr og retro trikotar, seier dei tre som representerer skigruppa på «pressebriefen» før det store rennet.

Kanskje ein får sjå skikkelege Klæbo-kliv oppover mot Piphaugen, og spektakulære fall i dumpa på Lykkje-sida?

Sjansen er der, det er berre å møte opp.