– Idrettslaget har sett spor etter seg og har betydd mykje for bygda gjennom desse hundre åra , seier Mathias Øvsteng som nå er i gang med å samle historia mellom to permar.

Øvsteng fortel at han studerer protokollar og intervjuar folk som har vore med ei stund.

Han fortel at idrettsplass og skianlegg har vore nesten eit kontinuerleg problem.

– Søremsvollen var brukt som fotballbane, før det vart organiserte kampar og seriar, seier Øvsteng.

Ser ein på forskjellige idrettsgreinar, har dette gått opp og ned. Fotball og ski er dei to idrettane som har hatt kontinuerleg aktivitet i idrettslaget.

Når det gjeld ski, har hopp og kombinert vore sentralt.

Øvsteng fortel at svømming blomstra opp da ein fekk basseng på samfunnshuset fyrst på 1960-talet.

– Det vart starta svømmegruppe før krigen. Da brukte ein Selsvatnet og ei tjønn nedanfor Klonessetra, fortel han.

Gymnastikk og turngruppe var også stor. I dag er det allidretten som tek seg av dette.

Mathias Øvsteng fortel at handball var nemnt tidleg på 1950-talet. I dag er handball ei av dei store gruppene i idrettslaget, og som fekk ein oppsving da Vågåhallen kom.

Friidrett var med frå starten av idrettslaget, men ligg i dvale i dag.

I arbeidet med boka er Mathias Øvsteng på jakt etter bilde som kan illustrere historia til idrettslaget.

– Det treng ikkje berre vere idrettsbilde, men også av personar som har vore aktive eller tillitsvalde, seier han.

Dei som låner ut bilder, vil vere med i trekkinga av eit gåvekort. Bilda blir returnert til eigar når boka er produsert.

Boka skal lanserast i november 2019, på dagen hundre år etter at idrettslaget vart stifta.