SVEIN HALVOR MOE

Det vart som venta kamp om startposisjonane da om lag 140 lag la i veg i det som var tidenes største NM-stafett. Reidar hadde fått plass på Hamar skiklubbs tredjelag. Det trass i at det berre er få veker sidan han tok steget opp i juniorklassa. Aurmo innrøma at han var spent og forventningsfull før start.

– Eg var førebudd på at det ville bli sett fart med ein gong. For desse karane går gjerne litt fortare enn dei eg bryner meg på i juniorklassa. Med unntak av fallet som eg var innblanda i, tykte eg eigentleg at det gjekk bra. Eg prøvde å vera bevisst på at eg ikkje skulle gå meg stiv, sa Reidar til Fjuken.

Reidar Aurmo følte han fekk teke ut det han var god for den dagen i løypene på Vang. Tenåringen viste liten respekt for eldre og meir garva konkurrentar. For han handla det fyrst og fremst om å gå sitt eige løp i senior-NM-debuten.

- Det var inspirerande å gå ettersom det var mykje folk og stor stemning. Eg følte også at eg hadde løparar rundt meg heile tida. For meg var dette fyrst og fremst god læring å få delta i eit senior-NM, sa Aurmo som nå rettar blikket mot norgescuprenna i Holmenkollen og Oslo om tre veker.