Statens vegvesen og Vegdirektoratet har tilrådd ein 16,6 kilometer lang tunnel frå Skåre i Stryn til Breidalen, som erstatning for dei smale tunnelane på dagens riksveg 15. Også Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har trekt fram dette alternativet, med ein mogleg fylkesvegarm til Geiranger, som den beste løysinga.

For høg kostnad

I rapporten blir det konkludert med at kostnaden med ein ny tunnel, på om lag 3,8 milliardar kroner, blir alt for høg. Det blir heller tilrådd å utbetre dagens tunnelar i høgd og breidde; 4,5 og 7,5 meter. Dette vil få ein prislapp på 600 millionar kroner. Det blir heller ikkje tilrådd eit nytt rasoverbygg i Grasdalen fordi vegen sjeldan er stengt grunna rasfare.

Sidearmen til Geiranger er ikkje vurdert, sidan dette er eit fylkekommunalt prosjekt.

For liten trafikk

Det er for liten trafikk over fjellet for at ein ny tunnel skal vera samfunnsøkonomisk forsvarleg, meiner Møreforsking og Metier.

Meiningslaust

– Det vil vera meiningslaust viss regjeringa går for tilrådinga i denne rapporten, meiner ordførar i Skjåk, Elias Sperstad. Viss dette blir ståande vil vi få ein anleggsperiode på over fire år som vil vera til stor hinder for trafikken. Korleis vil ein løyse dette med nattbussane? Kva med tryggleiken under anleggsperioden? Kva med rasfaren i Grasdalen? Sjølv med strossing vil det ikkje tilfredsstille dagens krav til tunnelar, har eg fått opplyst.

Jobb å gjera

Sperstad seier at han og politikarkollegaene hans på båe sider av fjellet har ein ein jobb å gjera framover.

– Vi må belage oss på ein del Oslo-turar framover for å påverke dei kanalane som finst for at det rette vedtaket skal gjerast. Noko anna vil vera meiningslaust.

Det er regjeringa som etter kvart skal ta den endelege avgjerda.