Glasopor AS består av to fabrikkar med felles rekneskap. Den eine fabrikken er i Skjåk, den andre i Fredrikstad.

Administrerande direktør Kjell Håkon Helgesen fortel at Glasopor AS aldri før har hatt så stor omsetnad, truleg over 120 millionar kroner.

– Og det skuldast nok fleire ting. Fyrst vil eg peike på den store veg- og anleggsaktiviteten i landet, og at vi har hatt store kundar som til dømes Statens vegvesen. I tillegg, ettersom produkta våre er basert på gjenvinning, har vi òg fått ein «grøn» fordel. Stadig fleire er opptekne av grøne produkt. Mange kundar har dessutan lagt merke til at vi ved fabrikken i Skjåk gjekk over frå gass til elektrisk energi og dermed har svært låge Co2-utslepp. Kundane er som før mest opptekne av pris, gode produkt og at vi leverer til rett tid, men det blir lagt stadig større vekt på miljøsida, oppsummerer Helgesen.

– Kan rekordomsetninga resultere i rekordoverskot?

– Det er det for tidleg å seia. Dei siste åra har vi hatt bra resultat, og det får vi heilt sikkert for 2017 òg. Kor høgt gjenstår det å sjå, for rekneskapen er ikkje ferdig.

– Kan den positive utviklinga resultere i fleire arbeidsplassar ved fabrikken i Skjåk?

– Det kan eg ikkje love her og nå, eller slik utan vidare. Det eg kan seia, er at vi er svært tilfredse og at det viktigaste er å sikre arbeidsplassane vi allereie har der. Når det er sagt, har vi som kjent fått utvida arealet vårt ved å ta i bruk området der miljøstasjonen låg, og det tykkjer eg er ein god indikasjon på at vi satsar vidare i Skjåk.

Fabrikksjef i Skjåk, Svein Gudbrand Lund, fortel at det per nå er 13 tilsette i Skjåk.

Det var Svein Gudbrand Lund som starta Glasopor AS i Skjåk i 2002, men den gongen med eit anna namn: Glasitt AS. I 2006 kjøpte Norsk Glassgjenvinning - som har kontrakt med alle landets kommunar om innsamling av glas- og metallemballasje - seg inn som investor. I 2012 tok dei over heile verksemda og ekspanderte same år med ein fabrikk nummer to, i Onsøy utanfor Fredrikstad.