Lalm samfunnshus stod ferdig og vart opna i 1958. I september i år fyller samfunnshuset 60 år. Nå skal det lagast eit jubileumshefte i høve jubileet.

– Vi er heilt i startgropa, og veit korkje omfanget av det eller kor stort hefte det blir, seier Terje Kleiven.

Han er blant dei som jobbar med jubileumsheftet som skal innehalde både historie og bilde. Mykje har skjedd på samfunnshuset gjennom 60 år. Frå nyare tid finnst det mange bilde å fylle heftet med, men frå eldre tid er det visstnok verre.

– Er det til dømes einkvan som har bilde frå bygginga av samfunnshuset er vi interesserte i å få låne det. Vi er sjølvsagt også interesserte i andre bilde som var knytt opp mot samfunnshuset, der det mellom anna har vore legekontor, fryseri og bibliotek opp gjennom dei 60 åra, for å nemne noko, seier Terje Kleiven.

Han ber dei som har noko å bidra med om å ta kontakt, anten med han eller med Rune Borgan Isaksen.

Håpet er å få ferdig jubileumsheftet til hausten, når sjølve jubileet er.