Dei slit nok meir med vêr og føre andre stader, men det er likevel grunn til å vera obs på vanskelege køyretilhøve også i Ottadalen.

Over fjellet til Stryn er det kolonnekøyring, men vegen kan bli stengt på kort varsel.

Etter riksveg 15 nede i Ottadalen er det fyrst og fremst snøføyke som skapar utfordingar.

I Vågå og Lom har det kome mykje snø det siste døgnet, medan det i Skjåk ikkje har kome så mykje.

Oppmodinga vi har fått frå vegfarande tysdag morgon er klar; ta det med ro.