Namn: Siri Bøje Kvandalsvoll

Alder: 15 år

Klasse: 10. klasse på Lom ungdomsskule

Bustad: Prestgardsskogen

Hobby: Fotografering og friluftsliv

Ser fram til: Å reise til Gran Canaria med familien i vinterferien

Kva er mest spennande med Lom?

– At vi har mange høge fjell og mykje turmoglegheiter. Eg går ofte turar. Om eg skal gå ein eftastur går eg ofte oppover mot Lomseggen eller Tronoberget. Eg likar godt lengre turar, og gjerne 2.000-meters toppar. Eg har tre av dei.

Kva manglar Lom?

– Ingenting. Lom har det eg treng, og da er eg tilfreds.

Kva brukar du mest tid på?

– Eg er med i 4H og jobbar med oppgåver der. «Eit friluftsliv» er namnet på oppgåva nå i år, så da går eg turar og fotograferer. Eg har alltid likt fotografering. Eg har ikkje noko proft kamera. Eg brukar rett og slett telefonen.

Frå kva alder definerast ein person som «gamal»?

– 80-90 år og oppover. Ein er pensjonist lenge før det, men ein treng ikkje nødvendigvis å vera gamal om ein er pensjonist. Når ein person ikkje greier å bu heime lenger, byrjar ein å bli ordentleg gamal.

Kva vil du bli?

– Eg vil bli kokk. Eg likar å lage mat, og har sagt i mange år at eg vil utdanne meg til kokk. Eg kunne tenkt meg meir kokking på skulen. Nå er det eitt år på barneskulen og eitt år på ungdomsskulen, og det er altfor lite. Det skulle vore mykje meir kokking på grunnskulen.

Kva er det beste med å vera ung?

– Å ha fridom til å gjere ting ein har lyst til, og sleppe unna mykje ansvar.

Kva er det verste med å vera ung?

– Å ikkje tene sine eigne pengar, bortsett frå vekelønna heime.

Kva er du redd?

– Edderkoppar. Så fort eg ser ein så går eg unna. Eller, dei bittesmå går bra, men dei store med lange føter er ekle.

Kva må til for at unge skal lese meir papiravis?

– Det er vanskeleg å seie. Nokre ting engasjerer somme og andre ting andre. Eg trur ikkje det er nokon fasit her.

Blir du verande i Lom?

– Ja, eg håpar det. Eg trivst godt her. Neste år blir det restaurant- og matfag på vidaregåande på Otta. Etter to år skule er det lærlingtid, og da håpar eg at eg får lærlingtid ein plass i Lom. Det er også i Lom eg vil jobbe når eg er ferdig utdanna.

Kva er favorittappen på mobiltelefonen din?

– Instagram. Der legg eg ut ein del bilde frå turane eg går.

Kva forhold har du til Facebook?

– Eg har det, men skjønar ingenting av det. Eg er sjeldan inne på Facebook. Eg la ut noko der den dagen eg var 13 år og fekk meg Facebook, og nokre dagar etterpå. Etter det har eg ikkje lagt ut ein ting.

Heilt ærleg, kva tykkjer du om Lom?

– Det er verdas finaste plass å bu.

Korleis er dagens ungdom samanlikna med ungdomstida til foreldra dine?

– Tida nå er mykje meir prega av internett. Vi er avhengige av straum og internett i nesten alt vi gjer. Slik var det ikkje før. Nå er det nok at straumen går på skulen, så har vi eit stort problem. Før var det meir vanleg tavleundervisning, fysiske bøker og mindre data.

Kva er din største draum?

– Å få gå ein lang fjelltur der eg kan gå over fleire brear og få god utsikt.

Kva vil du helst unngå å prate om?

– Kjærasteting med foreldra og syskena mine.

Om du vann 1 million kroner. Kva ville du bruke pengane på?

– Mykje ville eg sett inn på banken. Eg ville også ha kjøpt meg mykje nytt turutstyr.

Tre ord om deg sjølv?

– Snill, roleg og aktiv.

Kva gjer du om 10 år?

– Eg håpar eg har eige hus, og at eg har ein kokkejobb som eg trivst med her i Lom ein plass.

Kva er det viktigaste i livet?

– Opplevingar.

Kva var finaste gåva du fekk til jul?

– Eg fekk mest pengar. Og for dei kjøpte eg meg eit turtelt.

«Ung i Ottadalen» er ei spalte vi har i Fjuken eit par gongar i månaden, der vi intervjuar ei jente eller ein gut i ungdomsskulealder. Har du forslag til «Ung»-kandidat? Send ein e-post til journalist Tom Erik Solstad.