Den siste veka har Statoil landsdelssamling vorte arrangert i Østfoldhallen. Statoil landsdelsamling var siste hinder før eit eventuelt landslagsuttak for landets beste 15- og 16-åringar.

- Vi har samla dei mest lovande 15- og 16-åringene. Det var hundre jenter og hundre gutar her totalt, som alle har overtydd mange på sin veg før dei har kome hit. Fyrst har dei prestert godt i klubb, deretter har de gått frå sonelag via kretslag og hit. Nå er neste steget å slå seg inn i ein landslagstropp, fortel Håkon Grøttland, fagansvarlig for landslagsskolen i Norges fotballforbund.

Han seier at spelarane opplever dette som motiverande. – Det viktigaste er at ein blir stimulert og motivert til å trene enda betre og hardare når ein kjem heim att, seier Grøttland.- Eg lærte mykje både på og utanfor bana. Bli ein betre fotballspelar, og få god motivasjon til å trene godt og rett. Det er viktig å ta imot viktig informasjon, og vere nysgjerrig. Få god oppfølging på kva som er bra, og det eg må jobbe med. Eg tek med meg punkta eg må jobbe med inn til klubben, seier Ingrid Sandviken.