Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider.

Denne vekas jubilant er Lilly Anine Valseth frå Vågå. Ho fyller 12 år den 15. januar, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken ein av dei fyrste dagane.

Lilly Anine vart gratulert i avisa av Alma, Troy, mamma og pappa. Dei håpar ho får ein fin dag!

Gratulerer med dagen, Lilly Anine!