For sjuande året på rad, er Lars Ole Ørjasæter ansvarleg for alle drikkevarene og drift av akevittbaren på den norske standen på Internationale Grüne Woche i Berlin som startar fredag til veka.

Ørjasæter seier at interessa for lokal mat og drikke er stigande – også i Tyskland, og det er fleire og fleire som reiser til Noreg på ferie som er like opptekne av kva dei får servert på tallerken og i glas som å sjå fjordar og fjell.

– Dette er litt av bakgrunnen for at det både er restaurant og akevittbar på den norske standen på Internationale Grüne Woche. Restauranten serverer mat i hovudsak basert på råvarer frå utstillarane og i akevittbaren finn ein óg lokalt øl, sider og eplemost, seier Ørjasæter.

Ørjasæter fortel at det i år blir sett ny rekord i akevittbaren – både når det gjeld talet på produsentar og talet på drikkevariantar. Heile 16 bryggeri er representert med 36 forskjellige øl. To av bryggeria er lokale; Lomb og Hubertus. På den sterkare sida har han med varer frå ni brenneri og brennevinsprodusentar, i all hovudsak akevitt.

Blant brennevina er óg ein prøveproduksjon frå Sve gard i Vågå.

– I år har vi samkøyrt utvalet av drikke med regionene som stiller ut, meir en tidlegare, slik at det ein kjøper smaksprøver av, óg er å få i baren eller restauranten, seier Lars Ole Ørjasæter.