Under ei storslått tiårsfinale for Det Norske Måltid i Stavanger fredag kveld, vart Morten Schakenda tildelt «Det Norske Måltids hederpris», av fjorårsvinnar Wenche Andersen og Arne Brimi som fekk prisen i 2013.

Det Norske Måltid starta i 2008 og er nå landets viktigaste matpris. Målet er å synleggjere mangfaldet i norsk matproduksjon og bidra til næringsutvikling.

Juryen skriv i sin grunngjeving:

Årets vinnar utøver sitt fag med kompromisslaus kvalitet i alle ledd. Han har i ei årrekkje formidla sin gastronomiske kunnskap og matglede til profesjonelle og andre matinteresserte, i Norge og i store delar av verda.

Schakenda har i godt vaksen alder tileigna seg ny fagkunnskap og driv i dag ein av landets mest kjente handverksbedrifter innan dette faget.

Han har eit ukueleg pågangsmot og framstår med sine sterke verdiar som ein verkelig bauta og inspirator innanfor måltidsbransjen. Vinnaren har skrive ei rekkje bøker innan sitt nye fag.

Årets vinner fekk i 2017 «Møllerens inspirasjonspris» og for si rolle som ambassadør i bruken av korn- og mjølbaserte produkt.

Juryen har bestått av tidlegare vinnarar av «Det Norske Måltids hederspris»:2016      Wenche Andersen2015      Astri Riddervold2014      Bodil Nordjorde2013      Arne Brimi2012      Halvor Heuch2011      Ingrid Espelid Hovig