Diktardagar blir arrangert i Vågå, Lom og Skjåk kvart år fyrste helga i september.

Hovudtema for Diktardagar 2018 er Barne- og ungdomslitteratur, der ein både tek mål av seg å formidle litteraturen til barn og unge, og dra barn og unge aktivt med som deltakarar i programinnslag. Her blir det samarbeid med kulturskulane i kommunane.

Sidan det i 2018 er 200-års jubileum for Aasmund Olavsson Vinje, blir dette markert, mellom anna med ein Vinje-kveld. Vinje besøkte også Ottadalen på si ferd sommaren 1860.

Hendinga frå denne reisa kom ut i to hefte året etter, og seinare boka «Ferdaminne».  I «Ferdaminne» går det fram at Vinje var på Tofte på Dovre og Håkenstad i Vågå. Han var også innom på Jettsetra og prata med budeia, der Vinje fekk ein god skvett med mjølk.

Torsdag 30. august blir det vandring i fotspora til Vinje, til Jettsetra.

I 2017 vart opningsframsyninga lagt til Vågå, i år skal opninga vera i Skjåk. Det er Vinje-kvelden som blir opninga, med konsert med Aasmund Nordstoga som hovudattraksjon. Dette skjer fredag 31. august.

Laurdag 1. september blir det festkveld i Utgard. Forfattar Maria Parr vil lese frå Bragevinnaren «Keeperen og havet», Håvard Grjotheim skal halde festtale, det blir utdeling av Diktardagarpris og konsert med Sigrid Moldestad.

I år er det også 125 år sidan barnebokforfatteren Tea Kummen frå Skjåk vart fødd. Dette blir markert sundag 2. september.

Under festkvelden i Utgard, blir det konsert med Sigrid Moldestad. Foto: ARVE DANIELSEN/ARKIV